Fagbrev på jobb
«Fagbrev på jobb» er ei moglegheit der du som er ufaglært, kan ta fagbrev samtidig som du er i lønt arbeid.
- Dersom du har eitt års praksis i lærefaget, kan du inngå ein kontrakt med fylkeskommunen og arbeidsgjevaren din.
- Du kan bli realkompetansevurdert og få tilpassa rettleiing og opplæring på arbeidsplassen før du går opp til fagprøva.
- Du har fritak frå fellesfaga, men opplæringa legg vekt på grunnleggjande ferdigheiter frå Kunnskapsløftet i dei arbeidsoppgåvene som skal utførast.
- Krava til kompetanse i lærefaget og til gjennomføring av eksamenar og fag- og sveineprøva gjeld på lik linje som for lærlingar og praksiskandidatar.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.