Fag- eller sveineprøve
- Planlegging av arbeidet og grunngjeving for løysingane du har valt
- Gjennomføring av eit fagleg arbeid
- Vurdering av eige prøvearbeid
- Dokumentasjon av eige prøvearbeid
Viss du ikkje består fag- eller sveineprøven, kan du gå opp til ny prøve. Lærebedrifta skal medverke til dette, men er ikkje pliktig til å forlengje lærekontrakten fram til andregongsprøve. Dersom både du og bedrifta er samde om det, kan læretida bli forlengja ved frivillig avtale.
Før du kan gå opp til fag- eller sveineprøven må du som hovudregel ha bestått alle fag på Vg1 og Vg2 som fører fram til lærefaget ditt. I særløpsfaga er det ikkje Vg2 i skole, så du må da følgje opplæring i både programfag og fellesfag i løpet av læretida, og du må ta nødvendige eksamenar før du kan gå opp til fag- eller sveineprøven.
I særskilte lærefag innan utdanningsprogramma for elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag må du gå opp til ein eigen eksamen på Vg3-nivå før fag- eller sveineprøven kan takast. Kva fag dette gjeld, framgår av læreplanane.
I forskrifta til opplæringslova er det fastsett nokre unntak frå kravet om bestått i inntil to fellesfag. Nærmare informasjon får du på skolen din.
Karakterane ved fag- og sveineprøvar er «Bestått mykje godt», «Bestått» og «Ikkje bestått».
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.