Er du garantert å få læreplass?



Det er lærebedrifta som avgjer kven som får læreplass, så du har ingen garantiar. Derfor er det viktig at du sjølv er aktiv og prøver å få kontakt med bedrifter der du kan tenkje deg å vere lærling/lærekandidat. Sjå etter annonsar for ledige læreplassar i avisene. I nokre fylke kan du få oversikt over aktuelle lærebedrifter frå fylkeskommunen.

Dersom du har arbeidd i ei bedrift i feriar, under utplassering frå skolen eller liknande, kan det gi grunnlag for førerett til læreplass. Då må bedrifta stadfeste at ho ønskjer å gi deg læreplass. Det kan til dømes lønne seg å forhøyre seg om denne framgangsmåten mens du er utplassert på Vg2.

Opplæring i skole som alternativ til opplæring i bedrift

Viss du har rett til vidaregåande opplæring og står utan tilbod om læreplass når formidlinga er avslutta, kan du få tilbod om alternativ opplæring i skole i eit læresfag som byggjer på det Vg2 du har gjennomført. Du kan òg få tilbod om opplæring i skole i andre fylke. Opplæringa i skole blir vanlegvis avslutta med praktisk fag- eller sveineprøve – den same prøven som for lærlingar.

Viss du takkar nei til tilbod frå ei lærebedrift som du er vorte formidla til av fylkeskommunen, har du ikkje krav på tilbod om ny læreplass eller tilbod om opplæring i skole same skoleåret. Det same kan gjelde om du takkar nei til læreplass i eit anna fylke enn det du bur i.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.