Endring av søknaden



Fram til søknadsfristen går ut, kan du endre søknaden så mange gonger du vil, på vigo.no (logg inn med MinID). Hugs kvittering etter at du har endra noko.

Etter søknadsfristen kan du i dei fleste fylka endre på rekkjefølgja på ønska.

Det kan òg vere mogleg å endre søknaden av medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar. Det skal i så fall dokumenterast, og søknad om endring må derfor som regel sendast inn skriftleg via den skolen du går på. Ta kontakt med rådgivaren, OT-tenesta eller inntakskontoret dersom du ønskjer meir informasjon.

Ver merksam på at reglane og fristane for endring av søknaden varierer frå fylke til fylke.

Informasjon frå Vestland



Endring av søknad i Vestland

Hovudregelen er at du ikkje får endra søknaden etter søknadsfristen. Unntaket er dersom det er særlege grunnar som t. d. flytting med familie, sjukdom eller spesielle sosiale årsaker som gjer det tungvint eller umogleg å gå på den skulen du har søkt tidlegare.

Søknaden må vere grunngjeven og dokumentasjon må følgje med. Søknadsskjema finn du på nettsida vår, og du kan søke frå 1. april. Frist for endring av søknad 1. juni.

Flytting til Vestland

Dersom du skal flytte saman med foreldre/føresette gjeld ikkje fristen 1. mars. Foreldra må sende inn stadfesting på at dei skal flytte til Vestland fylke før skulestart. Det kan vere stadfesting av ny jobb eller kjøp av husvære for ein eller begge av foreldra. Hugs å melde frå til heimefylket at ein flyttar til Vestland fylke.  Innsendingsfrist for dokumentasjon 23. juni