Elev eller privatist?



Følgjer du offentleg vidaregåande opplæring, har du rett til vurdering som elev, både undervegs- og sluttvurdering. Du har også rett til å bli varsla dersom det er fare for at du ikkje kan få vurdering med karakter. Vaksne skal verken vurderast i orden eller i åtferd. Sjå elles kapitlet om Vurdering, kompetanse og dokumentasjon.

Som deltakar i vaksenopplæring følgjer du same eksamensordning som andre elevar. I nokre fag er det obligatoriske eksamenar, i andre fag er det trekkordning der du kan bli trekt ut til eksamen eller bli fritrekt.

Du kan også velje å gå opp til eksamen i vidaregåande opplæring som privatist. Ver merksam på at som praksiskandidat må du gå opp til nødvendige eksamenar som privatist.

Privatisteksamen

Du må sjølv melde deg opp til privatisteksamen. I dei fleste tilfella melder du deg opp via www.privatistweb.no. På denne nettstaden finn du òg nyttig informasjon frå ditt fylke om fag, eksamensavgifter, tilretteleggjing m.m.

Oppmeldingsfristane er 15. september for hausteksamen og 1. februar for våreksamen.

Rutinane for oppmelding til privatisteksamen blir alltid annonserte i pressa i god tid før oppmeldingsfristane.

Sjekk elles informasjonen frå heimfylket ditt.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.