Bakar (sveinebrev)
Vel eit løp for å lese meir om opplæringa
1. år
2. år
3. år
4. år
Aktuelle arbeidsstader
Som bakar kan du få jobb i konditori og bakeri. Det finst òg arbeidsplassar på hotell, restaurantar og i andre storhushald.
Sentrale arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsområde er
- behandling og lagring av råvarer
- tillaging og produksjon av brødbakst og anna bakverk i samsvar med tradisjonelle og nye tillagings- og konserveringsmetodar
- val av rette metodar til produksjonen ut frå resept, mengd og tilgjengeleg produksjonsutstyr
- tilpassing av reseptar og produksjonsprosessar etter behova til bedrifta og kundane
- bruk og enkelt vedlikehald av maskiner og anna utstyr
- bruk av informasjonsteknologi og tekniske hjelpemiddel
Personlege eigenskapar
Ein bakar skal kunne arbeide planmessig, rasjonelt, effektivt og nøyaktig, i samsvar med produktspesifikasjonane til bedrifta og ønska og behova til kundane. Du bør ha interesse for matvarer og kunne arbeide hygienisk. Du bør òg vere kunderetta og kunne yte god service.