Yrke, utdanningsvegar og intervju

Yrke, utdanningsvegar og intervju

På denne sida kan du søkje fram yrke og kompetansar og lese om dei. Yrka og kompetansane du finn her på vilbli.no er førebels avgrensa til dei du kan oppnå med vidaregåande opplæring.

Finn yrke eller intervju

Du kan søkje fram yrke eller kompetanse ved å velje forbokstaven eller kategori i menyen til venstre. I lista som kjem fram vil du sjå at det for fleire av yrka og kompetansane finst intervju av elevar, lærlingar og yrkesutøvarar. Du kan velje å lese om yrket eller kompetansen, eller å lese intervjuet.

Yrkessida

På yrkessida får du ei kort beskriving av yrket eller kompetansen. Du kan òg lese den lange versjonen, som er kompetanseplattforma fagleg råd har utarbeida. Under yrkesbeskrivinga ser du ei oversikt over kva slags moglege utdanningsvegar som fører fram til yrket eller kompetansen. Til dømes kan du bli barne- og ungdomsarbeidar etter å ha gått Vg1 helse- og oppvekstfag eller Vg1 design og handverk (kryssløp). Du finn òg lenkjer til liknande kompetansar og lenkjer til aktuelle intervju av elevar, lærlingar eller yrkesutøvarar.

Intervjusida

På intervjusida kan du lese intervju med ein elev, lærling eller yrkesutøvar. Du får òg lenkjer til beskriving av opplæringa og til andre intervju.