Medium og kommunikasjon

Du lærer

  • forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
  • om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å vidareutvikle den digitale kompetansen din
  • teoretiske fag

Du bør ha

  • god skriftleg og munnleg uttrykksevne
  • estetisk sans og godt fargesyn
  • interesse for informasjonsteknologi og digitale medium

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
  • webdesignar, interaksjonsdesignar eller spilldesignar
  • lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
  • kommunikasjonsrådgivar eller mediums- og samfunnskonsulent
    Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet.

Arbeidsstader kan vere

  • aviser eller magasin
  • reklamebyrå eller kommunikasjonsbyrå
  • produksjonsselskap eller mediebedrifter
  • offentlege bedrifter

Opptakskrav til høgare utdanning

Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:
  • Opptaksprøver: Mange mediefaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med medium og kommunikasjon får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På medium og kommunikasjon kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

Val av fag i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
    • Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan medium og kommunikasjon og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
    • Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
    • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning. 

Medium og kommunikasjon (gammal ordning)