Utdannings- og yrkesrådgiving



I samarbeid med skoleleiinga og lærarane skal utdannings- og yrkesrådgivaren gi deg

  • rådgiving og rettleiing i samband med val av utdanning og yrke
  • oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
  • oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • opplæring i å orientere deg i informasjon og bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing i jobbsøking og andre søknadsprosedyrar

Du skal få hjelp til å bli deg bevisst dine eigne interesser, ferdigheiter og verdiar, slik at du kan ta avgjerd om val av utdanning og yrke, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Du skal òg få hjelp til å utvikle evnene dine til å vurdere konsekvensane av vala du gjer, mellom anna for å førebyggje feilval. I dette arbeidet skal rådgivareskolen og rådgivaren samarbeide med for eksempel andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv, partnarskap for karriererettleiing og heimen.

I yrkesfaglege utdanningsprogram får du òg utdannings- og yrkerådgiving i faget yrkesfagleg fordjuping.

Informasjon frå Nordland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.