Søk om utstyrsstipend
Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen, men du må søkje for å få det. Utstyrsstipendet er ikkje avhengig av kor mykje foreldra dine tener.
Når du søkjer om utstyrsstipend, sjekkar Lånekassen automatisk om du også har rett til andre stipend.
Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend.
Slik søkjer du om utstyrsstipend
Du kan søkje om stipendet via vigo.no når du takkar ja til skoleplassen, eller på lanekassen.no.
Logg inn på søknaden med MinID eller BankID, slik som då du søkte om skole - eller læreplass.
Les meir på lanekassen.no.
Kor mykje får du?
Kor mykje du får i stipend er avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Du får heile utstyrsstipendet i første utbetaling. Søkjer du om stipend for berre eitt semester, får du halvparten av beløpet utbetalt.
Beløpa i tabellen nedanfor gjeld for skoleåret 2022–2023.
Studieforberedende utdanningsprogram | Beløp per år |
Idrettsfag | 4 603 |
Kunst, design og arkitektur | 1 681 |
Medium og kommunikasjon | 1 118 |
Musikk, dans og drama | 1 118 |
- Musikk, dans og drama med dans | 4 603 |
Studiespesialisering | 1 118 |
- Studiespesialisering med toppidrett | 2 710 |
Yrkesfaglege utdanningsprogram | Beløp per år |
Bygg- og anleggsteknikk | 4 603 |
Elektro og datateknologi | 2 710 |
Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign | 2 710 |
- Vg2 frisør | 4 603 |
Helse- og oppvekstfag | 1 681 |
Handverk, design og produktutvikling | 4 603 |
Informasjonsteknologi og medieproduksjon | 1 118 |
Naturbruk | 4 603 |
- Vg3 landbruk | 1 681 |
- Vg3 naturbruk, studieforberedende | 1 681 |
Restaurant- og matfag | 4 603 |
Sal, service og reiseliv | 1 118 |
Teknologi- og industrifag | 2 710 |
- Vg2 kjemiprosess og laberatoriefag | 1 118 |
Påbygging til generell studiekompetanse | 1 118 |
Søk på nytt dersom du byter utdanningsprogram
Dersom du byter til eit utdanningsprogram som gir rett til meir penger i stipend, etter at du har søkt om og fått innvilga utstyrsstipend, må du søkje på nytt for å få utbetalt differansen.
Utstyrsstipend til vidaregåande i utlandet
Tek du inntil eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, kan du få like mykje i utstyrsstipend som for det utdanningsprogrammet du følgjer i Noreg. Vel du å ta heile den vidaregåande opplæringa i utlandet, får du eit utstyrsstipend på 1 118 kroner per år (2022–2023). Les meir på lanekassen.no/utveksling.
Informasjon frå Nordland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.