Vg1 – praktisk eller teoretisk matematikk?
Matematikk er obligatorisk på Vg1. Du skal ha 140 timar (5 undervisningstimar i veka) matematikk i dei studieførebuande utdanningsprogramma, medan du på yrkesfag skal ha 84 timar (3 undervisningstimar i veka). Du må velje mellom matematikk 1P og 1T.P står for «praktisk»
- Matematikk 1P fører vidare emna du lærte om på ungdomstrinnet. Du lærer å løyse matematikkoppgåver som tek utgangspunkt i praktiske situasjonar frå dagleglivet og frå samfunns- og arbeidsliv, til dømes prosentrekning, økonomi og areal.
- Matematikk 1P passar for deg som veit at du ikkje ønskjer å fordjupe deg i matematikk eller ta realfag seinare.
T står for «teoretisk»
- Matematikk 1T gjev ei innføring i matematiske emne som krev ei djupare forståing. Du lærer til dømes om algoritmisk tenking, formlar, likningar, algebra og funksjonar.
- Du bør velje matematikk 1T på Vg1 dersom du skal ta Vg2 og Vg3 realfag, eller dersom du planlegg å velje matematikk som programfag. (Vel du likevel matematikk 1P på Vg1, må du sjølv ta ansvaret for å ha tilstrekkeleg kompetanse for å gå vidare med matematikk som programfag på Vg2 og Vg3.)
Studieførebuande Vg2 – matematikk som fellesfag eller programfag?
I alle studieførebuande utdanningsprogram er matematikk obligatorisk på Vg2. Du må anten velje matematikk som fellesfag (matematikk 2P) eller som programfag (matematikk R1 eller matematikk S1).Matematikk som fellesfag (2P)
- Matematikk 2P er den vanlegaste vegen for deg som har hatt matematikk 1P på Vg1, og som ønskjer å avslutte matematikk etter Vg2.
- Faget har eit omfang på 84 timar (3 undervisningstimar i veka).
Matematikk som programfag (R eller S)
- Du bør velje matematikk som programfag dersom du ønskjer å studere til dømes realfag eller økonomi seinare.
- Du vel mellom matematikk R1 eller matematikk S1.
- For å velje R-matte på Vg2 og Vg3, må du ha 1T på Vg1.
- Matematikk som programfag har eit omfang på 140 timar (5 undervisningstimar i veka).
- Vel du matematikk som programfag, må du erstatte fellesfaget 2P med eit ekstra programfag.
Vg2/Vg3 – matematikk R eller S?
Dersom du vel matematikk som programfag, vel du mellom matematikk for realfag (R-matte) og matematikk for samfunnsfag (S-matte).Matematikk for realfag (R1 og R2)
- Du lærer om geometri, algebra, funksjonar, kombinatorikk, sannsyn og differensiallikningar.
- Du bør velje matematikk for realfag dersom du ønskjer å ta høgare utdanning innanfor realfag eller teknologi.
- Ein del studium innanfor informatikk, realfag, natur- og miljøfag krev matematikk R2.
Matematikk for samfunnsfag (S1 og S2)
- Du lærer om algebra, funksjoner, sannsynlighet, lineær optimering og statistikk.
- Med matematikk S1 og S2 kvalifiserer du til enkelte realfaglige studier.
Erstatning for fellesfaget matematikk 2P
Vel du matematikk som programfag, skal du ikkje ha 84 timar matematikk 2P som fellesfag. Det inneber at du må erstatte fellesfaget matematikk 2P med eitt av desse faga:
- Eit valfritt programfag på 140 timar frå studieførebuande utdanningsprogram
Dei valfrie programfaga frå studieførebuande utdanningsprogram har 5 undervisningstimar i veka, og du får dermed «overtimar».
- Matematikk X med 84 timar
Dette faget byggjer på matematikk 1T (teoretisk) frå Vg1. Det er eit sjølvstendig fag som er utarbeidd spesielt for deg som vel matematikk R1.
- Geofag X med 84 timar
Dette faget kan du berre velje dersom du ikkje vel geofag 1 som programfag. Faga overlappar kvarandre.
- 4dvar WS_URL("Programmering og modellering X";"WA_Kursbeskrivelser";"&Program=V.ST&Kurs=V.STUSP1----&Side=1.2.1&Fag=V.PRM01-02")--> med 84 timar
Dette faget byggjer på matematikk 1T (teoretisk) frå Vg1. Det er eit sjølvstendig fag som er utarbeidd spesielt for deg som vel matematikk R1.
- Teknologi og forskningslære X med 84 timar
Dette faget kan du berre velje dersom du ikkje vel teknologi og forskingslære 1 som programfag. Faga overlappar kvarandre.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet