Vaksenrett (lovfesta rett for vaksne)



Kven har vaksenrett?

  • Du har vaksenrett frå og med året du fyller 25 år.
  • Vaksenrett gjeld for deg som har fullført grunnskolen eller tilsvarande i Noreg eller eit anna land, men ikkje fullført vidaregåande opplæring.
  • Vaksenrett gjeld også for deg som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent denne opplæringa i Noreg.
  • Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at du oppheld deg lovleg i Noreg, og at søknaden om opphaldsløyve er avgjord.

Kva omfattar vaksenretten?

  • Vaksenretten gjev deg rett til tre års vidaregåande opplæring, eller meir for yrkesfaglege utdanningsløp der opplæringstida er lengre.
  • Som vaksen har du rett til realkompetansevurdering.
  • Du skal få opplæring tilpassa dine behov og tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen du ønskjer. Det skal leggjast avgjerande vekt på kva høve du har til å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.
  • Fullføringsrett: Dersom du er vaksen og teken inn til vidaregåande opplæring, har du rett til å fullføre opplæringsløpet (fullføringsrett). Det gjeld anten du har vaksenrett eller ikkje.

Har du ikkje lovfesta rett?

Fylkeskommunen kan òg gi tilbod om vidaregåande opplæring til deg som ikkje har lovfest rett. Det gjeld deg som

  • tidlegare har hatt rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova
  • har mist retten til vidaregåande opplæring etter utsetjing, bortvising e.l.
  • har fullført studie- eller yrkeskompetanse
Ved konkurranse om inntak mellom desse søkjargruppene kjem du som tidlegare har oppnådd yrkes- eller studiekompetanse, sist.

Rett til påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse, fagbrev og sveinebrev

Som vaksen kan du ha rett til påbygging til generell studiekompetanse når du har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring og fått yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev). Vilkåra er at du

  • har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare og
  • gjorde dette innan utgangen av det året du fylte 24 år, uavhengig av om du då hadde ungdomsrett eller ikkje

Du som oppfyller desse vilkåra, har rett til å ta påbygging til generell studiekompetanse når som helst.
Praksiskandidatar og dei som ikkje har bestått alle fellesfag, har ikke rett til påbygging til generell studiekompetanse.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: