Ungdomsrett (lovfesta rett for ungdom)



Ungdom som har gjennomgått grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.* Ungdomsretten gjeld ut det skoleåret som begynner det året du fyller 24 år.

Kva omfattar ungdomretten?

  • Ungdomsretten gjev deg rett til tre års vidaregåande opplæring, eller fleire år dersom opplæringstida som er fastsett i læreplanen, er lengre.
  • Når du søkjer Vg1, skal du velje tre alternative utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje. Du har rett til plass på eitt av desse.
  • Du har rett til skoleplass i det fylket du er bustadsregistrert i når søknadsfristen går ut, men ikkje rett til plass ved ein bestemt skole.
  • Etter Vg1 har du rett til to års vidaregåande opplæring innanfor eit programområde som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du har valt, men du har ikkje rett til å få det programområdet du prioriterer høgst. Kva programområde du får tilbod om det andre og tredje året, er avhengig av tilbodet i heimfylket ditt. Karakterane dine kan avgjere om du kjem inn der du ønskjer.
  • Dersom du har fullført og greidd yrkesfagleg opplæring, har du rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse.
  • Ungdomsretten gjev deg også i nokre tilfelle rett til ekstra opplæringstid (for deg som har spesialundervisning, eller ved omval).

* Ungdomsretten gjeld også ungdom som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent denne opplæringa i Noreg.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: