Studieførebuande opplæring for vaksne



23/5-regelen

Har du fylt 23 år, og samtidig har 5 års samla fulltidserfaring frå arbeid og/eller utdanning (23/5-regelen), kan du oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre følgjande fellesfag:
  • Engelsk 140 timar*
  • Historie 140 timar
  • Matematikk 224 timar
  • Naturfag 140 timar
  • Norsk 393 timar
  • Samfunnsfag 84 timar

*Engelsk frå GK og VKI i yrkesfaglege studieretningar i Reform 94 (2+2 veketimar) dekkjer dette kravet.

Med generell studiekompetanse kan du takast opp til grunnutdanning ved universitet og høgskolar.

I fylka er det tilbod om opplæring for vaksne i dei fellesfaga som er nødvendige for å oppnå generell studiekompetanse. Opplæringa kan gå føre seg både på dag- og kveldstid.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: