Stipend og lån fra Lånekassen
Du må oppfylle nokre krav for å ha rett til støtte. Les om krava på lanekassen.no.
Satsane nedanfor gjeld for skoleåret 2023–2024.Bortebuarstipend
Dersom du må bu borte for å gjennomføre læretida, kan du få eit bortebuarstipend på 5 848 kroner per månad. Stipendet er behovsprøvd og blir gradvis redusert når du tener meir enn 16 383 kroner per månad.
Du må oppfylle eitt av desse krava for å ha rett til bustipend:
- Arbeidsstaden din ligg 40 km eller meir frå foreldreheimen.
- Reisetida mellom foreldreheimet og arbeidsstaden din er tre timar eller meir tur-retur.
- Særlege forhold av personleg eller sosial karakter gjer at du ikkje kan bu heime.
Lån til bortebuarar over 18 år
Har du ungdomsrett, kan du låne inntil 5 582 kroner per månad dersom du er over 18 år og bur borte frå foreldra dine.
Slik søkjer du
Du må vente med å søkje om stipend og lån til du har inngått ein godkjend lærekontrakt/opplæringskontrakt. Kontrakten må godkjennast av arbeidsgjevar og av fagopplæringskontoret i fylket ditt. Når kontrakten er godkjent og registrert hos Vigo, kan du søkje. Dette kan ta litt tid.
Då kan du søkje om stipend og lån på lanekassen.no. Logg inn på søknaden med MinID eller BankID, slik som då du søkte om skole- eller læreplass.
Under 18 år? Be foreldra dine opprette digital postkasse før du søkjer
Dersom du er under 18 år, må foreldra dine signere avtalen om støtte for deg. Dette kan dei gjere elektronisk. Dersom dei opprettar ein digital postkasse før du søkjer, får dei svaret i den digitale postkassen. Då kan dei signere for deg med ein gong.
Foreldra dine kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på www.velgdigitalpostkasse.no. Det einaste dei treng, er BankID.
Søknadsfristar
Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar må sende inn søknad for skoleåret 2022–2023
- seinast 30. juni 2023 eller
- før læretida er slutt dersom ho blir avslutta før 30. juni 2023
Følg søknaden din på Dine sider
På lanekassen.no finn du informasjon om stipend og lån til utdanning i Noreg og utlandet. Når du loggar inn, kan du mellom anna kan
- søkje om stipend og lån
- følgje søknaden din
- finne ut kor mykje du har fått, og når pengane kjem
Andre stipend og legat
Det finst fleire moglegheiter for stipend, sjå Andre stipend og legat.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet