Språkopplæring for minoritetsspråklege



For elevar med eit anna morsmål kan det vere utfordrande å følgje undervisninga samtidig som ein skal lære seg å meistre det norske språket. Dersom du har avgrensa norskkunnskapar, har du rett til særskild språkopplæring (forsterka og tilpassa språkopplæring).

Særskild språkopplæring gjeld først og fremst

  • særskild norskopplæring (styrkt opplæring i norsk),
    men du kan også få tilbod om
  • morsmålsopplæring (opplæring i morsmålet ditt)
  • tospråkleg fagopplæring (opplæring i andre fag på ditt eige språk)

Skolen skal kartleggje ditt behov

  • Skolen skal kartleggje dine norskkunnskapar før det blir avgjort om du kan få særskild språkopplæring.
  • Skolen skal også kartleggje norskkunnskapane dine undervegs i opplæringa for å avgjere når du kan gå over til den vanlege opplæringa.

Retten til særskild språkopplæring gjeld altså fram til du er god nok i norsk til å følgje den vanlege opplæringa.

Særskild norskopplæring

Har du behov for styrkt opplæring i norsk, finst det tre moglegheiter:

1  Du kan følgje læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.

  • Denne læreplanen er ikkje knyttet til alderen din, men nivået ditt.
  • Du får ikkje karakter i norsk dersom du følgjer denne læreplanen.
  • Du følgjer denne læreplanen fram til du kan gå over til den ordinære læreplanen i norsk.

2  Du kan følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.

  • Med kort butid meiner ein mindre enn seks år.
  • Denne læreplanen kan brukast på alle tre trinna.
  • Du får standpunktkarakter og går opp til eksamen etter denne læreplanen.

3  Du kan følgje den ordinære læreplanen i norsk med tilpassingar (tilpassa for deg).

Når du får eller har fått forsterka norskopplæring, er du friteken frå opplæring og vurdering i skriftleg sidemål.

Morsmålsopplæring

Du kan også få tilbod om å styrkje språkkunnskapane i ditt eige morsmål.

  • Læreplanen i morsmål for språklege minoritetar tek utgangspunkt i nivået ditt, og ikkje i alderen din.
  • Morsmålsopplæring går ut på at du skal beyre lese- og skriveferdigheitene i ditt eige språk, slik at morsmålet kan bli eit støttespråk når du skal lære norsk.
  • Denne opplæringa kan bli gjeven ved ein annan skole.*

Tospråkleg fagopplæring

Du kan også få tilbod om tospråkleg opplæring i andre fag.

  • Opplæringa i faget (t.d. samfunnsfag eller naturfag) skjer både på norsk og på morsmålet ditt.
  • På den måten vil du ha høve til å få forklaringar på eit språk du forstår.
  • Opplæring på to språk kan gjennomførast i alle fag.
  • Denne opplæringa skal bli gjeven ved din eigen skole.*

* Dersom det ikkje finst lærarar som kan gje morsmålsopplæring og/eller tospråkleg opplæring i andre fag, skal du få tilbod om anna opplæring som er tilpassa ditt behov.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: