Spesielle tilbod for minoritetsspråklege



Som minoritetsspråkleg kan du søkje om å

  • bruke meir enn tre år på opplæringa
    Dersom du har rett til særskild språkopplæring eller spesialundervisning, har du rett til opptil to ekstra opplæringsår.
  • få eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar (førebuande Vg1) før du søkjer vanleg Vg1
    Nokre fylke tilbyr førebuande Vg1 før du begynner på ordinær vidaregåande opplæring. Du brukar ikkje av retten du har til tre års opplæring. Innføringstilbodet kan bli gjeve i eigne grupper eller klassar.
  • erstatte framandspråkopplæring med eksamen i morsmålet ditt
    Dette gjeld dei programområda der framandspråk er obligatorisk.
  • bruke programfagstimane i studieførebuande utdanningsprogram til styrking av opplæringa i norsk og engelsk
    Dette gjeld 280 timar som kan fordelast over tre år.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: