Søknadsfristar
1. mars er ordinær søknadsfrist for deg som skal søkje vidaregåande skole.
1. februar er søknadsfristen dersom du har spesielle behov.
Du må søkje seinast 1. februar dersom du
- har enkeltvedtak om særskild språkopplæring
- søkjer om førerett eller individuell behandling
- nyleg har kome til Noreg
Søknad om førerett
Nokre søkjargrupper kan bli prioriterte først i inntaket til vidaregåande skole.
Dette gjeld deg som har
- rett til spesialundervisning og samtidig har spesielle behov som gjer at du må gå eit visst utdanningsprogram for å kunne fullføre opplæringa
- sterkt nedsett funksjonsevne og behov for tilrettelegging
- rett til opplæring i og på teiknspråk
Søknad om individuell behandling
Søknaden din blir behandla individuelt, utan omsyn til poeng, dersom du
- har hatt spesialundervisning i grunnskolen og manglar karakter i meir enn halvparten av faga
- har hatt forsterka språkopplæring i grunnskolen og manglar karakter i meir enn halvparten av faga
- må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar
Du har rett til inntak på eitt av dei tre utdanningsprogramma du søkte på, men du har ikkje nødvendigvis rett til inntak på eit bestemt utdanningsprogram.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: