Søknad, svar og reglar
Dei fleste som tek vidaregåande opplæring går eitt eller fleire år i skole som elev. Du må søkje om plass i vidaregåande skole, les meir nedanfor. Les òg om å søkje læreplass.
Haust – Val av vidaregåande opplæring og yrke
Du vel anten studieførebuande opplæring
- Du vel mellom 5 studieførebuande utdanningsprogram.
- Du går tre år i skole: Vg1, Vg2 og Vg3.
- Du oppnår generell studiekompetanse.
- Med generell studiekompetanse kan du søkje opptak til høgskole eller universitet.
eller yrkesfagleg opplæring
- Du vel mellom 8 yrkesfaglege utdanningsprogram.
- Det tek frå tre til fem år å fullføre opplæringa.
- Du oppnår
- yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev når opplæringa blir avslutta med læretid i bedrift (vanlegvis to år i skole; Vg1 og Vg2, etterfølgt av Vg3 over to år i bedrift).
- yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev når alle tre åra med opplæring blir gitt i skole (Vg1, Vg2 og Vg3).
- Med yrkeskompetanse kan du søkje arbeid etter at du er ferdig med opplæringa.
- Dersom du tek påbygging til generell studiekompetanse, kan du søkje opptak til høgskole eller universitet sjølv om du har starta på eller fullført ei yrkesfagleg opplæring.
Søknad og MinID
Du søkjer vidaregåande opplæring på vigo.no. Når du søkjer må du ha ein elektronisk ID. Du må sjølv bestille aktiveringsbrev for MinID. Pass på at du gjer dette i god tid før søknadsfristen.
Treng du hjelp med MinID? Kontakt brukarstøtta for MinID på telefon 800 30 300 eller brukerstotte@digdir.no.Vinter – Søknad på vigo.no med MinID
Korleis søkjer du?
- Du må søkje tre utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje på Vg1.
- Du har rett til å komme inn på eitt av desse.
- Har du spesielle behov som gjer at du må følgje eit bestemt utdanningsprogram på Vg1? Då kan du søkje om fortrinnsrett til inntak.
- Manglar du karaktergrunnlag? Då kan det hende at du kan takast inn til eit utdanningsprogram på Vg1 etter individuell vurdering.
- Du må søkje om plass kvart år – både til Vg1, Vg2 og Vg3.
- Du søkjer via vigo.no.
- Logg inn med MinID.
- Du søkjer som regel vidaregåande opplæring i det fylket du bur i.
- Hugs å skrive ut kvittering av søknaden.
- Du kan endre mobilnummer og e-postdresse på vigo.no før 1. juli (i dei fleste fylka). Etter denne datoen må inntakskontoret ha beskjed. Hugs at du også må oppdatere mobilnummer og e-postadresse i MinID.
Sjå også Registrer søknaden din på vigo.no
Søknadsfristar
1. mars (ordinær frist)*
1. februar ved søknad om fortrinnsrett eller individuell behandling*
* Dersom søknadsfristen går ut på ein laurdag eller søndag, blir fristen utvida til måndagen.
Test at du får til å logge inn på vigo.no med MinID i god tid før søknadsfristen!
Sommar – Svar på vigo.no med MinID
Korleis svarar du?
- Du får melding om tilbod på SMS eller e-post.
- Logg inn på vigo.no med MinID for å finne ut kva tilbod du har fått.
- På vigo.no skal du svare på tilbod om plass og/eller ventelisteplass.
- Tilbod om plass på det første ønsket ditt?
Du bør svare ja. Du får ikkje tilbod om plass på lågare ønske. - Tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på høgare ønske?
Du bør svare ja til begge delar. Men dersom du seinare får tilbod om plass på eit høgare ønske, har du ikkje lenger plassen du takka ja til tidlegare. - Berre tilbod om ventelisteplass?
Du bør svare ja. Svarar du nei, blir du teken ut av inntakssystemet.
- Tilbod om plass på det første ønsket ditt?
Svarfrist
Du må svare på tilbod om plass ca. ei veke etter at du fikk tilbodet.
Førehandssvar
Du kan registrere førehandssvar på vigo.no frå 2. mars til 1. juli (i dei fleste fylka).
Test at du får til å logge inn på vigo.no med MinID i god tid før svarfristen!
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: