Skolegang i utlandet
Skolegang i Norden
- Dei nordiske landa – Danmark, Finland, Island, Sverige og Noreg – har inngått ein gjensidig avtale om at ungdom med fast bustad i eit anna nordisk land har same rett til vidaregåande opplæring som landets eigne statsborgarar.
- Dersom du har fullført delar av vidaregåande opplæring i eit anna nordisk land, blir opplæringa i prinsippet godkjend på same vilkår som for elevar som flyttar frå éin skole til ein annan i Noreg. Dette gjeld vidaregåande opplæring frå både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
- Info Norden er Nordisk Ministerråds informasjonsteneste for nordiske borgarar som flyttar frå eit nordisk land til eit anna.
- På norden.org/info finn du informasjon om å flytte, studere og jobbe i Norden.
Skolegang i Frankrike
Treårig fransk vidaregåande skole
- Norske elevar kan søkje om plass på eit treårig vidaregåande opplæringstilbod ved eit fransk lycée. Dette er ei moglegheit for deg som ønskjer å gå skole i utlandet i tre år med sikte på fransk baccalauréat.
- Du kan søkje HK-dir (tidligare Diku) om skoleplass i Bayeux, Lyon eller Rouen.
- Du kan søkje om opptak mens du går 10. årstrinn eller Vg1 på ein skole i Noreg. Når du begynner i Frankrike, bør du vere over 16 år, men ikkje eldre enn 17 ved slutten av kalenderåret. Det er ingen føresetnad for inntak at du har hatt fransk tidlegare, men det er ein fordel.
- Les meir om tilboda på utdanningiverden.no.
Vg1 studiespesialisering i Frankrike
- Gjennom Institut français kan du som går 10. årstrinn og som har hatt fransk i grunnskolen, søkje eit eittårig tilbod i Fontenay-le-Comte og Angers.
- Året kan godkjennast som grunnlag for inntak til Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering i Noreg. Det er òg mogleg å halde fram på den franske skolen fram til Baccalauréat.
- Les meir om tilboda på utdanningiverden.no og france.no.
Kokkfaget i Frankrike
- Institut français tilbyr også treårig restaurant- og matfag i Frankrike.
- For å bli teken inn må du ved søknadsfristen vere elev på Vg1 i utdanningsprogram for restaurant- og matfag.
- Det krevst ingen forkunnskapar i fransk.
- Utdanninga er treårig og fører fram til Baccalauréat Professionnel Cuisine (Bac pro, cuisine).
- Denne kombinasjonen (eitt år i Noreg, tre år i Frankrike) blir vurdert som likestilt med eit norsk fagbrev i kokkfaget. Fullført og bestått fireårig opplæring gir deg i tillegg generell studiekompetanse.
- Sjå nettstadene utdanningiverden.no og france.no.
Akvakulturfaget i Frankrike
- I tillegg tilbyr Institut français plassar ved Lycée Professionnel Olivier Guichard i Guérande.
- For å bli teken inn må du ved søknadsfristen vere elev på Vg1 i utdanningsprogram for naturbruk.
- Det krevst ingen forkunnskapar i fransk.
- Utdanninga er treårig og fører fram til Baccalauréat Professionnel Aquaculture (Bac pro, aquaculture).
- Denne kombinasjonen (eitt år i Noreg, tre år i Frankrike) blir vurdert som likestilt med eit norsk fagbrev i akvakulturfaget. Fullført og bestått fireårig opplæring gir deg i tillegg generell studiekompetanse.
- Les meir om tilboda på utdanningiverden.no og france.no.
United World Colleges (UWC)
- UWC er ei samanslutning av internasjonale skolar over heile verda.
- Målsetjinga er å føre elevar med ulik bakgrunn saman for at dei skal bli kjende med kulturen, religionen og språket til kvarandre.
- Opplæringa ved UWC byggjer på Vg1 i studieførebuande utdanningsprogram.
- I løpet av to år ved UWC blir elevane førte fram til eksamen i International Baccalaureate – IB som gir generell studiekompetanse og grunnlag for inntak til universitet og høgskolar over heile verda.
- Du må fylle 17 år i løpet av året du søkjer. Elevar som er yngre enn 17, men likevel går i 1. klasse på vidaregåande (eller tilsvarande), kan også søkje.
- Tilbodet gjeld for deg som skal opp i Vg2 og som går eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma, Pre-IB, IB-MYP eller tilsvarande.
- Les meir på utdanningiverden.no og www.uwc.no.
UWC-skolar
Kvart år blir totalt 40 norske elevar sende til UWC-skolane. Noreg disponerer 10 plassar ved UWC Red Cross Nordic i Noreg. Ved dei andre skolane nedanfor varierer talet på norske elevar frå år til år.
UWC Adriatic, Italia |
UWC Atlantic College, Wales |
UWC Changshu, Kina |
UWC Costa Rica, Costa Rica |
UWC Dilijan, Armenia |
UWS ISAK Japan, Karuizawa, Japan |
UWC Li Po Chun, Hong Kong |
UWC Maastricht, Nederland |
UWC Mahindra College, India |
UWC Mostar, Bosnia og Herzegovina |
UWC Pearson College, Canada |
UWC Red Cross Nordic, Fjaler, Sogn og Fjordane, Norge |
UWC Robert Bosch College, Tyskland |
UWC South East Asia, Singapore |
UWC Thailand, Phuket, Thailand |
UWC USA, New Mexico |
UWC Waterford KaMhlaba, Eswatini (Swaziland) |
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: