Skolegang i Frankrike



Treårig fransk vidaregåande skole

Norske elevar kan søkje om plass på eit treårig vidaregåande opplæringstilbod ved eit fransk lycée. Dette er ei moglegheit for deg som ønskjer å gå skole i utlandet i tre år med sikte på fransk baccalauréat. Gjennom SIU - Senter for internasjonalisering av utdanning blir det kvart år teke ut 22 elevar som får begynne på treårig tilbod i Frankrike:

  • 6 skoleplassar for jenter i Bayeux
  • 8 skoleplassar for jenter i Lyon
  • 8 skoleplassar for gutar i Rouen

Du kan søkje om opptak mens du går 10. årstrinn eller Vg1 på ein skole i Noreg. Når du begynner i Frankrike, bør du vere over 16 år, men ikkje eldre enn 17 ved slutten av kalenderåret. Det er ingen føresetnad for inntak at du har hatt fransk tidlegare, men det er ein fordel. I løpet av det første skoleåret i Frankrike, som er eit fellesår, skal du velje linje for dei to siste åra:

  • Litterær linje
  • Økonomisk/sosialøkonomisk linje
  • Vitskapleg linje

Fransk skole er fagleg krevjande, men gir òg eit svært godt grunnlag for vidare studium. Ein norsk seksjonsleiar gir undervisning i norsk og norsk historie/samfunnsfag, og er elles til hjelp og støtte for dei norske elevane.

Sjå nettstaden utdanningiverden.no og france.no

Vg1 studiespesialisering i Frankrike

Gjennom Institut français kan du som går 10. årstrinn og som har hatt fransk i grunnskolen, søkje eit eittårig tilbod i Fontenay-le-Comte og Angers. Året kan godkjennast som grunnlag for inntak til Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering i Noreg. Det er òg mogleg å halde fram på den franske skolen fram til Baccalauréat.

Sjå nettstadene utdanningiverden.no og france.no

Kokkfaget i Frankrike

Institut français tilbyr òg plassar ved eit fransk lycée hôtelier i

  • La Rochelle
  • Illkirch (Strasbourg)
  • Gérardmer
  • Thono-les-Bains
  • Metz

For å bli teken inn må du ved søknadsfristen vere elev på Vg1 i utdanningsprogram for restaurant- og matfag. Det krevst ingen forkunnskapar i fransk. Utdanninga er treårig og fører fram til Baccalauréat Professionnel Cuisine (Bac pro, cuisine). Denne kombinasjonen (eitt år i Noreg, tre år i Frankrike) blir vurdert som likestilt med eit norsk fagbrev i kokkfaget. Fullført og bestått fireårig opplæring gir deg i tillegg generell studiekompetanse.

Sjå nettstadene utdanningiverden.no og france.no

Akvakulturfaget i Frankrike

I tillegg tilbyr Institut français plassar ved Lycée Professionnel Olivier Guichard i Guérande. For å bli teken inn må du ved søknadsfristen vere elev på Vg1 i utdanningsprogram for naturbruk. Det krevst ingen forkunnskapar i fransk. Utdanninga er treårig og fører fram til Baccalauréat Professionnel Aquaculture (Bac pro, aquaculture). Denne kombinasjonen (eitt år i Noreg, tre år i Frankrike) blir vurdert som likestilt med eit norsk fagbrev i akvakulturfaget. Fullført og bestått fireårig opplæring gir deg i tillegg generell studiekompetanse.

Se nettstadene utdanningiverden.no og france.no

Praktisk informasjon om tilboda

Kostnadene ved desse tilboda blir i hovudsak dekte av stipend. Lånekassen gir lån og stipend til skolegang i utlandet, også ikkje-behovsprøvd utstyrsstipend.

For nærmare opplysningar om skoleplassar, søknadsfristar og stipendordningar kan du kontakte:

Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet