Service og samferdsel

Du lærer

  • kundebehandling og sal
  • administrasjon og tekstbehandling
  • om reiseliv, turisme og varetransport
  • elektronisk dokumentbehandling
  • om lover og forskrifter

Du bør vere

  • høfleg, open og omgjengeleg og serviceinnstilt
  • interessert i å arbeide med menneske
  • open for ulike kulturar og tradisjonar

Du kan bli

  • IKT-servicemedarbeidar
  • reiselivsmedarbeidar eller resepsjonist
  • kontor- og administrasjonsmedarbeidar eller salsmedarbeidar
  • vektar
  • logistikkoperatør eller yrkessjåfør
    Sjå alle yrke og kompetansar

Aktuelle arbeidsstader

  • offentlege eller private kontor
  • vektarselskap
  • reisebyrå eller resepsjon
  • salsbedrifter eller IT-bedrifter
  • vare- eller persontransportbedrifter

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
  • Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
    - etter Vg2 eller
    - etter oppnådd yrkeskompetanse
    Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.