Samisk og finsk
Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk. Samisk kan veljast som første- eller andrespråk. Dersom skolen din ikkje kan gi opplæring i samisk, kan du til dømes få opplæring via fjernundervisning, intensivundervisning eller spesielle leirskoleopphald. Fylkeskommunen kan tilby opplæring i eller på samisk på visse skolar eller i visse grupper.
Du kan lese meir om Samisk opplæring på www.udir.no.
Finsk som andrespråk i den vidaregåande opplæringa er i første rekkje eit tilbod til elevar frå dei kvensk-finske miljøa i Troms og Finnmark.
Både samisk og finsk kan i tillegg bli tilbydd som framandspråk.
Samisk videregående skole i Karasjok og Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino er statlege skolar. Der stiller søkjarar frå heile landet likt. Men dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar til ved desse skolane, har samiske søkjarar førerett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska sine ved desse to skolane, går framom søkjarar som kan få oppfylt ønska sine ved ein annan skole. For å få fleire opplysningar kan du kontakte
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: