Samarbeid med foreldre



forskrift til opplæringslova er det fastsett at både offentlege og private vidaregåande skolar skal halde kontakt med foreldra til umyndige elevar gjennom heile opplæringsåret. Det skal skje ved

  • informasjonsmøte ved starten av skoleåret
  • samtale med kontaktlæraren
  • informasjon om rettar
  • varsel om elevens fråvær
  • annan informasjon om eleven

Informasjonsmøte ved starten av skoleåret

Det skal haldast informasjonsmøte for foreldra til Vg1- og Vg2-elevar ved starten av skoleåret. På møtet skal foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, reglar og rutinar, kva rett foreldra har til medverknad m.m.

Samtale med kontaktlæraren

Det skal haldast minst éin planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren til elevar på Vg1 og Vg2 første halvår av opplæringsåret. Samtalen skal dreie seg om korleis eleven arbeider til dagleg, og om kva kompetanse eleven har i faga. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for elevens læring og utvikling.

Informasjon om rettar 

Foreldre skal få informasjon om kva rettar elevar og foreldre har etter opplæringslova og forskrifta til opplæringslova. Slik informasjon kan for eksempel bli gitt på foreldremøte, på skolens heimeside eller på skolens læringsplattform dersom foreldra har tilgjenge til den.

Varsel om elevens fråvær

Foreldre skal få munnleg eller skriftleg varsel om kort stort fråvær eleven har. Varselet skal vere skriftleg dersom det er fare for at eleven ikkje kan få vurdering med karakter i eitt eller fleire fag, eller at eleven kan få nedsett karakter i orden eller åtferd. Slikt varsel skal bli gitt så tidleg at foreldra har høve til å gripe inn i situasjonen.

Annan informasjon om eleven

Foreldre skal få annan nødvendig informasjon om eleven som ikkje er underlagd teieplikt. Det kan for eksempel vere at eleven har problem med å finne seg til rette på skolen, skaper bråk og uro i timane eller på andre måtar medverkar til eit dårleg psykososialt miljø.

Myndige elevar 

Når eleven har fylt 18 år, fell skolens plikt til å informere foreldra om forhold som gjeld eleven, bort. Myndige elevar kan likevel gi samtykke til at skolen held fram med å informere foreldra, på alle eller avgrensa område.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: