Du lærer
- økonomisk og berekraftig drift
- om marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
- administrasjon og digitale verktøy
- om reiseliv og turisme
- kundebehandling og sal
- planlegging og gjennomføring av tryggleikstiltak
Du bør vere
- organisert, strukturert og resultatorientert
- kreativ og ha evne til å tenke strategisk
- open for ulike kulturar og tradisjonar
- interessert i å kommunisere med menneske
Du kan bli
- salgsmedarbeidar eller reiselivsmedarbeidar
- administrasjonskoordinator eller tryggleiksmedarbeidar
Sjå alle yrke og kompetansar
Arbeidsstader
- eiga bedrift
- butikkar eller større bedrifter
- kontor og hotell
- vaktselskap, alarmsentralar eller flyplassar
- turisme- og reiselivsbedrifter
Videre utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er meint for dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
– etter Vg2 eller - – etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du høve til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, til dømes ingeniørstudium, realfagsstudium og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er meint for deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innanfor realfags- og ingeniørstudium.