Særløp



Dette er lærefag som er for små til at det kan opprettast eigne Vg2. I særløpsfaga går du berre Vg1 i skole, deretter har du tre års læretid i bedrift, med to års opplæring og eitt års verdiskaping, totalt fire år. I løpet av læretida skal du også ha opplæring i programfag og fellesfag. Det er obligatorisk eksamen i programfag på Vg2-nivå, og i tillegg kan du bli trekt ut til eksamen i fellesfag (norsk, engelsk, samfunnsfag).

Det er ofte få læreplassar i særløpsfaga. Søkjer du eit særløpsfag, bør du derfor òg søkje andre aktuelle Vg2. Du finn særløpsfaga i omtalen av dei enkelte utdanningsprogramma.

Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet