Rett til vidaregåande opplæring
Når du har fylt 15 år og fullført grunnopplæringa, kan du sjølv velje og søkje vidaregåande skole. Dette heiter ungdomsrett og gjeld frå du har fullført grunnopplæringa, og ut skoleåret som begynner når du fyller 24 år.
- Ungdomsrett
- Rett til påbygging til generell studiekompetanse
- Rett til utvida opplæring
- Rett til omval
- Når brukar du av opplæringsretten din?
Dersom du vil søkje vidaregåande opplæring etter at du har fylt 24 år, er det vaksenretten som gjeld.
Reglane for kven som har rett til vidaregåande opplæring finn du i opplæringslova. Hovudreglane for inntak til vidaregåande opplæring er fastsette i forskrift til opplæringslova. I tillegg fastset fylkeskommunane eigne inntaksreglar og reglar for plassering på skolar. Desse kan variere frå fylke til fylke.
Som elev i vidaregåande skole kan du ha rett til skoleskyss. Ordninga med skoleskyss varierer også frå fylke til fylke.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: