Rett til påbygging til generell studiekompetanse
- Du har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året du fyller 24 år.
- Du har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare.
Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse innanfor ungdomsretten eller vaksenretten. Ver merksam på at reglane for støtte fra Lånekassen er forskjellige for dei som har ungdomsrett og dei som har vaksenrett.
Påbygging innanfor ungdomsrett: innan utgangen av året du fyller 24 år
Når du avsluttar Vg3 påbygging til generell studiekompetanse innan utgangen av det året du fyller 24 år, får du opplæringa innan ungdomsretten. Dette gjeld også deg som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring utan ungdomsrett (for eksempel fordi han var brukt opp eller tapt).
Påbygging innanfor vaksenrett: etter fylte 24 år
Får du ikkje teke påbygging til generell studiekompetanse innan utgangen av det året du fyller 24 år, har du rett til å ta påbyggingsåret innanfor vaksenretten.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet