Resepsjonist (fagbrev)

Vel eit løp for å lese meir om opplæringa

Aktuelle arbeidsstader

Ein resepsjonist kan arbeide i ei rekkje private og offentlege verksemder, til dømes hotell og andre overnattingsbedrifter, flyselskap, ferjereiarlag og passasjerskip.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • kundeservice
  • gjestebehandling og servering
  • sørgje for gjesten sine behov og krav til tryggleik
  • marknadsføring og salsarbeid
  • produktutvikling i møte med kunden
  • bruk av ulike sals- og bookingsystem og teknologiske hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeide planmessig, effektivt og nøyaktig, ofte i høgt tempo. Du må ha omstillingsevne og kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Ein resepsjonist må kunne kommunisere med menneske frå ulike kulturar, vere blid, høfleg og yte god service. Det er viktig å vere flink i norsk og framandspråk, både skriftleg og munnleg, og du må ha kulturforståing og sosial dugleik. Resepsjonisten arbeider ofte på skift.