Programfag



Programfag er spesielle fag for det utdanningsprogrammet og programområdet du vel.

Felles programfag

  • I yrkesfaglege utdanningsprogram er programfaga felles for alle elevar på same programområde.
  • I utdanningsprogram for idrettsfag, kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon og musikk, dans og drama er visse programfag felles for alle elevar på Vg1, Vg2 og Vg3.
  • I utdanningsprogram for studiespesialisering vel du sjølv kva for programfag fra ditt eige programområde du vil fordjupe deg i. Det er bestemte krav til val og samansetjing av fag.

Valgfrie programfag

I studieførebuande utdanningsprogram er det sett av timar til valfrie programfag. Dette er programfag frå ditt eige programområde eller frå andre studieførebuande utdanningsprogram. Du vel desse faga etter bestemte reglar. Kor mange timar du kan bruke til valfrie programfag, er ført opp i fag- og timefordelinga for kvart programområde.

Reglar for val av programfag

Du kan lese om reglane for val av fag på sidene om fag- og timefordeling for kvart enkelt programområde:

Programfag som byggjer på kvarandre

I nokre læreplanar står det at eit programfag byggjer på eit anna programfag, f.eks. at kjemi 2 byggjer på kjemi 1. Det betyr at du bør ha den faglege kompetansen som er skildra for programfaget på lågare nivå for å starte med faget på eit høgare nivå.

Dersom du, etter rektor si vurdering, har tilstrekkeleg kompetanse, kan du ta eit programfag på eit høgare nivå utan å ha teke programfaget på lågare nivå først. Kravet til fordjuping gjeld likevel, det vil seie at du på Vg3 må vidareføre to programfag som du har teke på Vg2. Dersom du for eksempel tek berre kjemi 2 og ikkje kjemi 1, har du ikkje fordjuping i kjemi.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: