Praksiskandidatar
Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må
- vere allsidig og dokumentert
- etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
- vere godkjend av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøva kan avleggjast
Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte praksiskravet.
Som praksiskandidat er du friteken for kravet om bestått i fellesfag for å kunne framstille deg til fag- eller sveineprøve. Men du må bestå ein eigen eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve:
- I dei fleste lærefag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget.
- I særskilde lærefag innanfor utdanningsprogram for elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på, og som er relevante for lærefaget.
Fylka arrangerer vanlegvis eiga, eksamensførebuande opplæring for praksiskandidatar. Kvar og korleis du skal melde deg opp til eksamen for praksiskandidatar (privatisteksamen), varierer mellom fylka. Oppmeldingsfristane er 15 september og 1. februar. Rutinane for oppmelding til privatisteksamen blir annonserte i god tid før oppmeldingsfristane. I nokre fylke skjer oppmeldinga via www.privatistweb.no. (Sjå førre avsnitt.) Du må sjølv betale prøveavgift til fylkeskommunen for å avleggje eksamen.
Du må også betale prøveavgift for å avleggje fag- eller sveineprøve, og du er sjølv ansvarleg for å skaffe prøvestad og nødvendig utstyr til prøva. For å melde deg opp til fag- eller sveineprøve må du kontakte fagopplæringa i fylket ditt.
Ver merksam på at dersom du ikkje består fag- eller sveineprøva, må du vente seks månader før du kan gå opp til ny prøve.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: