Opptakskvotar
For dei fleste studium blir plassane fordelte innanfor ulike kvotar for ulike grupper søkjarar. Tanken med det er å gjere konkurransen om plassane meir rettferdig – mellom anna skal du som kjem direkte frå vidaregåande skole, ha ein rimeleg sjanse til å få ta direkte til på eit vidare studium og ikkje bli utkonkurrert av eldre søkjarar som har teke mange fag på nytt og forbetra gjennomsnittskarakterane sine.
Nedanfor blir det nemnt nokre døme på kvotar. Ver merksam på at reglane om kvotar kan endre seg frå år til år.
Kvote for førstegongsvitnemål
50 % av studieplassane blir tilbodne søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål. Du konkurrerer innanfor denne kvoten dersom du- ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har fått utferda førstegongsvitnemål etter tre år i vidaregåande opplæring (normal tid).
- ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har oppnådd generell studiekompetanse på grunnlag av vitnemål frå yrkesfag fullført og bestått på normal tid og fagkrava frå påbygging til studiekompetanse.
Du kan også få førstegongsvitnemål dersom du har
- fått endra karakter(ar) på grunnlag av klage.
- fått rett til ny eksamen fordi du har fått medhald i klage på bortvising.
- fått rett til ny eksamen fordi ordinær eksamen blei annullert.
- har bestått særskilt prøve ved første moglege høve (fordi du hadde strykkarakter i standpunkt).
- har bestått utsett prøve ved første moglege høve (fordi du var sjuk eller hadde annan tvingende grunn til ikkje å møte til ordinær eksamen).
- har forbetra karakter(ar) i løpet av den ordinære opplæringstida på tre år.
- har teke fag frå vidaregåande opplæring mens du var elev i grunnskolen.
Du har ikkje rett til førstegongsvitnemål sjølv om du består ny prøve ved første moglege høve (fordi du hadde strykkarakter til eksamen).
Kravet om gjennomføringstid kan utvidast frå tre til maksimalt fem år dersom du har- gjennomført internasjonal utveksling som har ført til tap av opplæringstid, folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid med eit omfang på minst seks månader.
- gjort omval av Vg1 eller Vg2.
- hatt fråvær på grunn av langvarig sjukdom.
- fått vedtak om utvida opplæringstid.
- blitt teken inn til vidaregåande opplæring over fire år i ein kombinasjon med idrettsutøving.
Førstegongsvitnemål kan berre bli utferda éin gong. Konkurrerer du innanfor kvoten for førstegongsvitnemål, er det berre karakterpoenga dine og tilleggspoeng for realfag, framandspråk og underrepresentert kjønn som tel.
Spesielle kvotar
- Nokre utdanningar har spesielle kvotar, og er unnatekne frå kvoten for førstegongsvitnemål.
- Nokre utdanningar har kvotar for førstegongsvitnemål innanfor ein spesiell kvote.
- Ved utrekning av karakterpoeng i spesielle kvotar skal karakterforbetringar erstatte tidlegare karakter(ar) i same fag.
- Det kan fastsetjast fråvikande rangeringsreglar for spesielle kvotar, til dømes for tildeling av tilleggspoeng.
- Dersom du ikkje når opp i den spesielle kvoten, blir du eventuelt flytta over til kvoten for førstegongsvitnemål og deretter til ordinær kvote.
Ordinær kvote
- Dersom du ikkje når opp i kvoten for førstegongsvitnemål, vil du bli flytta over til ordinær kvote. Der vil du få dei eventuelle andre tilleggspoenga dine rekna med.
- Dersom du ikkje når opp i spesiell kvote, og ikkje kan flyttast over til kvoten for førstegongsvitnemål, vil du bli flytta over til ordinær kvote. Der vil du få dei eventuelle andre tilleggspoenga dine rekna med.
- Ved utrekning av karakterpoeng i ordinær kvote skal karakterforbetringar erstatte tidlegare karakter(ar) i same fag.
På www.samordnaopptak.no kan du halde deg oppdatert om kvotar og andre opptaksreglar.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet