Opptak på grunnlag av særskilt vurdering
Dersom du ønskjer å bli vurdert etter denne bestemminga, må du be om det i søknaden og leggje ved grunngjeving og dokumentasjon. Grunnlag for opptak etter særskilt vurdering kan vere at
- anna morsmål enn norsk
- sjukdom
- funksjonshemming
- andre spesielle tilhøve
gir grunn til å rekne med at karakterpoenga dine ikkje gir eit riktig bilete av kvalifikasjonane dine.
Tilhøva som er nemnt over gir ikkje rett til studieplass. Det krevst likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter ordinære kriterium.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet