Økonomi – kven betalar for vidaregåande opplæring?



Opplæring i offentleg vidaregåande skole og i lærebedrift er gratis i Noreg. Elevar ved privatskolar må betale skolepengar.

Desse ordningane gjeld for alle elevar:

  • Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr er gratis, både i offentlege vidaregåande skolar og ved private skolar med rett til statstilskot.
  • Legg skolen opp til at du må bruke PC både på skolen og heime, skal skolen halde deg med berbar PC. Skolen kan krevje ein årleg eigendel for PC-en.

Nedanfor kan du lese meir om ulike stipend- og støtteordningar for elevar på vidaregåande. Ver merksam på at alle beløp og reglar gjeld for skoleåret 2022–2023.

Se også lanekassen.no for meir informasjon om utstyrsstipend. 

Utstyrsstipend

Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen.

  • Elevane får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra tener, eller kor stor formue dei har.
  • Når elevane søkjer om utstyrsstipend, sjekkar Lånekassen automatisk om dei også kan ha rett til andre stipend.
  • Storleiken på stipendet er avhengig av kva utdanningsprogram ein tek, frå 1 118 til 4 603 kroner.

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til andre stipend.

Bortebuarstipend

Dersom eleven må bu borte for å gå på skolen, er det mogleg å få bortebuarstipend på opptil 4 709 kroner i månaden frå Lånekassen. For å få dette stipendet må eleven oppfylle eitt av desse krava:

  • Skolen ligg 40 km eller meir frå heimen til foreldra.
  • Det er ei samla reisetid kvar dag på tre timar eller meir.
  • Det er særlege forhold som gjer at eleven må bu borte under utdanninga.

Stipendet er behovsprøvd for lærlingar, lærekandidatar og prakisbrevkandidatar. Det vil seie at stipendet blir gradvis redusert når ein tener over 15 723 kroner før skatt per månad.

Inntektsavhengig stipend

Inntektsavehngig er meint å vere eit bidrag til å dekkje levekostnader for elevar frå familiar med svak økonomi. Dei som får inntektsavhengig stipend, kan få opptil 3 489 kroner per månad.

Andre støtteordningar for elevar

Elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring kan søkje om lån og andre stipend i Lånekassen. På www.lanekassen.no kan du finne meir informasjon om kva du kan få i stipend og lån.

Det er også mogleg å søkje ei rekkje stipend og legat til utdanning, vidareutdanning, kultur og forsking, og til sosial hjelp. Sjå www.legathandboken.no eller spør etter Legathåndboken på biblioteket eller i bokhandelen.

Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet