Når brukar du av opplæringsretten din?
Du har rett til tre års vidaregåande opplæring.
Du brukar av opplæringsretten
- når du følgjer undervisning eit heilt skoleår
- når du følgjer undervisninga, men får ikkje bestått i eitt eller fleire fag
- når du følgjer undervisninga, men sluttar i eitt eller fleire fag
- når du avbryt opplæringa etter 31. oktober (eller ein seinare dato som heimfylket ditt bestemmer)
Dette gjeld uansett om du går på ein offentleg skole eller ein friskole.
Du brukar ikkje av opplæringsretten
- dersom du avbryt opplæringa før 1. november (eller ein seinare dato som heimfylket ditt bestemmer)
- dersom du er deltidselev som følgjer 1/3 eller mindre av det timetalet som er fastsett for utdanningsprogrammet eller programområdet
- dersom du tek innføringsår for minoritetsspråklege
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: