Vis meny

Lærling/lærekandidat og bedrift

I vidaregåande opplæring er det om lag 185 programområde som fører fram til yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. Desse kallar vi lærefag. I lærefaga startar du opplæringa i vidaregåande skole, og som regel avsluttar du opplæringa med læretid i bedrift, som lærling eller lærekandidat. Det kallar vi fagopplæring.

Du må søkje læreplass, les mer nedanfor.

Kva kompetanse du skal ha oppnådd etter avslutta opplæring i eit lærefag, er beskrive under yrket som opplæringa fører fram til.

Haust – Vel lærefag

  • Du skaffar deg informasjon om aktuelle lærebedrifter. På sidene med utdanningsprogramma (f.eks. tømrarfaget) finn du oversikt over kva for lærebedrifter og opplæringskontor som gir opplæring i dei ulike lærefaga.
  • Fagopplæringa i fylket ditt, rådgivaren på skolen din og lærarane dine kan også hjelpe deg med informasjon om aktuelle lærebedrifter.
  • Du nyttar deg av moglegheita for utplassering i faget yrkesfagleg fordjuping.

Vinter – Søknad på vigo.no med MinID og til bedrift

Korleis søkjer du læreplass?

  • Du følgjer med i aviser og på Internett og søkjer annonserte plassar, i eller utanfor ditt eige fylke. Du følger med i aviser og på Internett og søker annonserte plasser, i eller utenfor ditt eget fylke. Sjå òg oversikt over opplæringskontor og lærebedrifter på vilbli.no.
  • Du tek sjølv kontakt med aktuelle lærebedrifter og undersøkjer om det er mogleg å få læreplass.
  • Du søkjer om formidling via vigo.no. Det må du gjere sjølv om du også søkjer læreplass på annan måte.
  • Logg inn med MinID. Les om å logge inn på vigo.no og om hjelp til MinID.
  • Hugs å skrive ut kvittering av søknaden.
  • Du kan endre mobilnummer og e-postadresse på vigo.no før 1. juli (i dei fleste fylka). Etter denne datoen må du gi inntakskontoret i fylket ditt beskjed. Hugs at du også må oppdatere mobilnummer og e-postadresse i MinID.

Sjå også Korleis søkjer du læreplass?

Søknadsfrister

Lærling
1. mars

Lærekandidat
1. februar

Pass på at du har PIN-kodar til MinID i god tid før søknadsfristen.

Sommar – Formidling og jobbintervju

Korleis blir søknaden behandla?

  • Fylkeskommunen prøver å formidle deg til læreplassar i fag du har søkt.
  • Du kan bli vist til læreplassar i fag du ikkje har søkt, men som byggjer på ditt Vg2.
  • Det er bedrifta som sjølv vel ut kven som skal få tilbod om læreplass.
  • Vanlegvis blir du kalla inn til intervju. Hugs å vere tilgjengeleg på telefon så lenge formidlinga skjer – fram til ca. 1. september.

Har du fått tilbod om læreplass?

  • Hugs at det må sendast stadfesting frå bedrifta til inntakskontoret eller fagopplæringskontoret i heimfylket ditt.
  • Takkar du nei til eit tilbod om læreplass i ei bedrift som fylkeskommunen har formidla deg til, har du ikkje krav på fleire tilbod.

Har du ikkje fått tilbod om læreplass?

Hugs å vere tilgjengeleg på telefon så lenge formidlinga skjer – fram til ca. 1. september!

 

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet:

Finn du ikkje fylket ditt i lista?
Vel fylket ditt i kartet.