Vis meny

Lærebedrifter, opplæringskontor og medlemsbedrifter

På sidene med utdanningsprogramma (f.eks. tømrarfaget) finn du oversikt over kva for lærebedrifter og opplæringskontor som gir opplæring i dei ulike lærefaga. Hugs å velje fylket ditt i nedtrekkslista øvst på vilbli.no.  

Lærebedrift

Ei lærebedrift er ei bedrift, ein offentleg etat eller ein institusjon, eit opplæringskontor eller ein opplæringsring som er godkjend av fylkeskommunen til å ta inn lærlingar/lærekandidatar. For å bli godkjend må lærebedrifta kunne gi deg den opplæringa som er fastsett i læreplanen for faget, og bedrifta må ha ein fagleg kvalifisert person (fagleg leiar) som er ansvarleg for opplæringa. Opplæringa må i størst mogleg grad tilpassast evnene, interessene og føresetnadene til lærlingen eller lærekandidaten.

Opplæringskontor og medlemsbedrifter

Fleire bedrifter kan gå saman i eit opplæringskontor for å samordne inntak og opplæring av lærlingar/lærekandidatar. Kvar enkelt bedrift som inngår i opplæringskontoret må vere godkjend som lærebedrift. Denne lærebedrifta blir da ei medlemsbedrift i opplæringskontoret. Du teiknar lærekontrakt/opplæringskontrakt med opplæringskontoret, som er juridisk ansvarleg for kontrakten. Opplæringa kan du få i ein eller fleire av medlemsbedriftene. Der du får opplæring, skal det vere ein fagleg leiar som er ansvarleg for opplæringa.

Opplæringsring

Lærebedrifter som ikkje kan gi ein lærling/lærekandidat opplæring åleine, kan gå saman om å danne ein opplæringsring for å samarbeide om opplæringa av lærlingar/lærekandidatar. For at den samla læretida skal dekkje alle elementa i læreplanen eller den individuelle opplæringsplanen, får du i løpet av læretida også opplæring i andre bedrifter i opplæringsringen. Alle bedriftene i ringen skal vere godkjende lærebedrifter og ha ein fagleg kvalifisert person som har ansvaret for opplæringa di. Sjølv om du får opplæring i fleire bedrifter, teiknar du kontrakt med den bedrifta som har hovudansvaret for å lære deg opp.

 

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet:

Finn du ikkje fylket ditt i lista?
Vel fylket ditt i kartet.