Lærling



Dersom du tek sikte på fag- eller sveineprøve i eit lærefag, kan du teikne lærekontrakt med ei lærebedrift. Då er du lærling.

Rettar og plikter som lærling

  • Som lærling skal du delta aktivt i både opplæringa og verdiskapinga i lærebedrifta.
  • Du har rett til å få den opplæringa læreplanen fastset, men du har samtidig plikt til å delta aktivt for å nå opplæringsmåla og til å delta i planlegginga og vurderinga av ditt eige læringsarbeid.
  • Du skal medverke til å skape eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold.
  • Du må møte til den fag-/sveineprøva lærebedrifta melder deg opp til.
  • Læretida er fastsett i lærekontrakten din ut frå normal arbeidstid i faget.
  • Du er arbeidstakar i lærebedrifta med dei rettar og plikter som følgjer av lover og tariffavtale, bl.a. når det gjeld arbeidstid, ferie og fridagar.
  • Som alle andre arbeidstakarar har du, i tillegg til lærekontrakten, krav på ein skriftleg arbeidsavtale med lærebedrifta.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: