Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Læreplanverket for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa – grunnopplæringa – omfattar ein generell del, prinsipp for opplæringa, fag- og timefordeling og læreplanar for fag.

Den generelle delen av læreplanen utdjupar formålsparagrafen i opplæringslova, set opp overordna mål for opplæringa og inneheld det verdimessige, kulturelle og kunnskapsmessige grunnlaget for heile grunnopplæringa.

Prinsipp for opplæringa med læringsplakaten utdjupar opplæringslova og forskrift til lova og set opp dei prinsippa skolane og lærebedriftene skal følgje i opplæringa. Ho skal mellom anna vere tilpassa lokale og individuelle føresetnader og behov.

Fag- og timefordelinga er i fastsette læreplanar oppgitt i årstimar (à 60 minutt) for kvart årstrinn i den vidaregåande opplæringa.

Læreplanar for fag set opp formål, hovudområde, omtale av grunnleggjande dugleikar, kompetansemål og reglar for vurdering i faget.

Du kan lese læreplanane på sidene for utdanningsprogramma:

Heile læreplanverket finn du på www.udir.no/lareplaner.

Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet