Kvar kan du få vite meir om vidaregåande opplæring?
Her er ei oversikt over kvar du kan få meir informasjon om vidaregåande opplæring og om yrke.
Rådgjevaren kan informere
- Rådgjevaren ved skolen din kan informere om strukturen i vidaregåande opplæring, dei ulike utdanningsprogramma og valmoglegheitene dine.
- Rådgjevarar frå vidaregåande skolar besøkjer ofte skolar med elevar på ungdomstrinnet.
Utdannings- og yrkesmesser
- Dersom du besøkjer utdannings- og yrkesmesser, kan du få mykje god informasjon.
- Vidaregåande skolar inviterer ofte elevar på ungdomstrinnet med føresette til informasjonskveldar eller «open dag».
Erfaring frå ulike utdanningprogram
- I løpet av ungdomsskolen skal du få praktisk erfaring frå utdanningsprogram i vidaregåande opplæring og arbeids- og yrkesliv gjennom faget utdanningsval.
Les om vidaregåande opplæring på vilbli.no
- På vilbli.no finn du all informasjon om vidaregåande opplæring og oversikt over kva for utdanningsprogram og programområde skolane tilbyr.
- Du finn også oversikt over andre nyttige nettstader
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet