Kvar kan du få hjelp til å velje?
- Faget utdanningsval, som du har i ungdomsskolen, skal gi deg kunnskapar som gjer deg betre i stand til å velje utdanningsprogram i vidaregåande skole.
- Lærarane dine og utdannings- og yrkesrådgivarane i ungdomsskolen og vidaregåande skole kan hjelpe deg viss det er noko du er usikker på.
- Oppfølgingstenesta (OT) gir råd og rettleiing om utdannings- og yrkesmoglegheiter til deg som ikkje har søkt eller teke imot skoleplass, eller deg som avbryt opplæringa før ho er ferdig og ikkje er i fast jobb.
- Det same kan dei tilsette ved NAV-kontoret gjere.
- Ikkje gløym å snakke med dei som kjenner deg og veit kven du er – føresette, slektningar, venner og kjende.
Det er viktig at du les og undersøkjer så mykje som mogleg sjølv òg. Det er alltid enklast å spørje andre når du sjølv kan litt om det du skal spørje om.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: