Kva samfunnet treng i dag og i framtida



Det er vanskeleg å vite kva kompetanse det er mest bruk for om til dømes ti år. Men allereie i dag ser ein at dyktige handverkarar er i ferd med å bli mangelvare. Samtidig forsvinn arbeidsplassar og yrke fort, mens nye oppstår. Samfunns- og næringsliv blir stadig meir internasjonalisert, og at den teknologiske utviklinga går fort. Gamle yrke krev endra kompetanse, nye yrke krev ny kompetanse. Alle må vere innstilte på omstillingar. Fleire enn tidlegare kjem i løpet av livet til å skifte yrke og veksle mellom utdanning og yrke. Det krev at du har lært å lære og alltid er villig til å lære meir – og at du kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Med ei solid vidaregåande opplæring i botnen har du lettare for å lære nytt teoretisk stoff og å setje deg inn i nye praktiske arbeidsoppgåver seinare i livet.

Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet