Kva passar for deg?
Å kjenne seg sjølv er nødvendig når ein skal velje utdanning og yrke. Først og framst bør du finne ut kva som er dei sterke sidene dine. Det gir sjølvtillit, noko som er viktig når du skal gjere eit godt val. Spør derfor deg sjølv:
- Kor godt kjenner eg meg sjølv?
- Korleis kan eg lære meg sjølv betre å kjenne, og kven kan hjelpe meg med det?
- Kva er eg flink til?
- Kva er eg interessert i?
- Kva likar eg å halde på med?
Evnene og anlegga dine
På skolen har du sikkert funne ut kva fag som er dei lettaste for deg, og kva fag du strevar med. Det kan gi ein pekepinn på kva retning evnene dine går i.- Er du flink i teorifaga? Kva likar du best, språk eller matematikk?
- Har du kunstnarlege evner, likar du å teikne og måle eller spele eit instrument?
- Går evnene dine i praktisk lei? Trivst du med å lage mat, sy eller snikre, reparere eller mekke?
- Eller er det kanskje i kroppsøvingstimane du hevdar deg aller best?
Eigenskapane dine
Med eigenskapar meiner vi korleis du er som person.- Er du sosial? Likar du å vere saman med mange menneske? Har du lett for å prate og bli kjend med andre, eller trivst du best saman med nokre få gode venner?
- Greier du å samarbeide, eller vil du helst ha det på din måte?
- Er du flink til å lytte til andre sine idear og meiningar?
- Er du til å stole på?
- Likar du å ha det ryddig rundt deg, eller er du ein rotekopp?
- Er du full av initiativ, eller likar du best at andre bestemmer og ordnar opp?
Når du ein gong i framtida skal søkje jobb, kjem arbeidsgivaren til å leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane dine. Det kan bety mykje om du er til å stole på, om du har lite fråvær, og om du kan samarbeide og arbeide sjølvstendig. Innstillinga til arbeidet og dei du skal arbeide saman med, kan vere vel så viktig som gode karakterar frå skolen. Derfor er ordens- og åtferdskarakterane viktige!
Interessene dine
Viss du får halde på med noko du er interessert i og motivert for, er sjansen stor for at du vil lykkast. Men du kan ikkje alltid rekne med å vere så heldig at interessene dine er samanfallande med ei bestemt utdanning eller eit spesielt yrke. Likevel kan du finne att interesseområdet ditt innanfor fleire av utdanningsprogramma.Interessene endrar seg fort i tenåra. Nye interesser kan dukke opp i tillegg til dei du har frå før. Snakk med foreldra dine og med utdannings- og yrkesrådgivaren på skolen om aktuelle utdanningar og yrkesval. Hugs at utdannings- og yrkesrådgivaren er ein person du kan snakke tillitsfullt med om yrkesval og kva du kan bli.
Helsa di
Det kan vere nødvendig å ta eiga helse med i reknestykket når du skal velje utdanning og yrke.- I nokre yrke krevst det meir fysisk styrke enn i andre.
- Allergi kan setje grenser for kva du kan velje.
- Det kan stillast visse krav til syn og høyrsel, eller det kan stillast andre spesielle krav i visse yrke.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: