Kva er Vg1, Vg2 og Vg3?



Vg1

Opplæringa skjer i skole og omfattar både fellesfag (t.d. norsk, matematikk og engelsk) og programfag frå utdanningsprogrammet ditt.

Studieførebuande

Yrkesfagleg

  • Opplæringa er for det meste teoretisk.
  • Dei fleste skoletimane blir brukte til fellesfag.
  • Du har to eller tre programfag (gjeld ikkje studiespesialisering), og i nokre av utdanningsprogramma kan du velje programfag på Vg1.
  • Vg1 skal gje deg ei grunnleggjande opplæring i arbeidsprosessar, teknikkar og verktøy som er typiske for ditt utdanningsprogram.
  • Dei fleste timane blir brukte til programfag.
  • Du har også faget yrkesfagleg fordjuping, der du får høve til å prøve ut aktuelle lærefag i lærebedrifter.

Vg2

På Vg2 vel du mellom dei programområda som finst innanfor utdanningsprogrammet du valde på Vg1.

Studieførebuande

Yrkesfagleg

  • I tillegg til fellesfaga vel du mellom ulike programfag etter visse reglar.
  • Opplæringa skjer i skole.
  • Du vel eit programområde og får dermed høve til å spesialisere deg i større grad.
  • For dei fleste skjer opplæringa i skole.
  • Du får fleire timar til faget yrkesfagleg fordjuping enn på Vg1.
  • Det finst også nokre få særløp der du etter Vg1 får opplæringa i bedrift (3 år).

Vg3 / opplæring i bedrift

Vg3 byggjer på det Vg2 du gjekk på, og det blir gjennomført anten i skole eller i bedrift.

Studieførebuande

Yrkesfagleg

  • Du held fram med det programområdet du valde på Vg2, og vel vidare fordjuping i programfag eller nye programfag etter visse reglar.
  • Opplæringa skjer i skole.
  • Med godkjent vitnemål frå Vg3 kan du søkje høgare utdanning ved høgskole og universitet.
  • Du vel mellom programområde som byggjer på det Vg2 du gjekk på, og du spesialiserer deg no vidare.
  • Dei fleste programområda på Vg3-nivå er lærefag. Då får du opplæringa som lærling i ei bedrift, og læretida er 2 år.
  • Nokre programområde på Vg3 er i staden 1 års opplæring i skole.
  • Nokre få yrkesfaglege løp har Vg3 i skole før dei blir avslutta med 1,5 eller 2 års læretid i bedrift.

Oversikt over heile opplæringsløpet

Oppbygginga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet.

  • Gul: Opplæringa skjer i skole.
  • Grøn: Opplæringa skjer i bedrift.
  • Blå: Opplæringa er fullført og greidd, og du har kompetanse til å gå ut i arbeid eller søkje høgare utdanning.

10. trinn


Velg kursretning

  • Studieforberedende
  • Yrkesfaglig

Studieførebuande opplæring fører fram til studiekompetanse


Vidaregåande trinn 1 i skole

Vidaregåande trinn 2 i skole


Vidaregåande trinn 3 i skole


Høgare utdanning ved høgskole/universitet


Påbygging til generell studiekompetanse


Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev)


Vidaregåande trinn 1 i skole


Vidaregåande trinn 2 i skole


Velg VG3 retning

  • Vidaregåande trinn 3 i skole


  • Påbygging til generell studiekompetanse


  • Opplæring i bedrift


Vidaregåande trinn 3 i skole


Påbygging til generell studiekompetanse


Opplæring i bedrift


Yrke og arbeidsliv eller fagskoleutdanning


1. år


2. år


3. år


4. år


Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet