Korleis vel du utdanning og yrke?



Du vel utdanningsprogram alt som 16-åring. Det er tidleg, spesielt fordi det aktive yrkeslivet ditt ikkje tek til før om 3 til 5 år, kanskje ikkje før om 10 år. Under den vidaregåande opplæringa skal du i tillegg gjere fleire val. Derfor er det viktig at vala du gjer, er dine eigne, og at dei byggjer på

  • ønska og draumane dine
  • evnene, anlegga og interessene dine
  • best mogleg kjennskap til utdanningsvegar og yrke

Bruk god tid på å bestemme deg og snakk gjerne med rådgivaren og dine føresette før du tek det endelege valet. Det viktigaste er likevel at du sjølv tek ansvaret for valet, og at du trivst med den opplæringa du har valt. Det er den beste motivasjonen for å lære.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: