Korleis svarar du?
Du får melding om at inntaket er klart via SMS (i nokre fylke via e-post). Logg inn på vigo.no med MinID for å finne ut kva for tilbod du har fått, og for å svare på tilbodet om plass og/eller ventelisteplass.
- Fekk du tilbod om plass på det første ønsket ditt? Du bør svare ja. Du får ikkje tilbod om plass på lågare ønske.
- Fekk du tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på eit høgare ønske? Du bør svare ja til begge delar. Men dersom du seinare får tilbod om plass på eit høgare ønske, har du ikkje lenger plassen du takka ja til tidlegare.
- Fekk du berre tilbod om ventelisteplass? Du bør svare ja. Svarar du nei, blir du teken ut av inntakssystemet.
Svarfrist
- Du må svare på tilbod om plass om lag éi veke etter du har fått tilbodet.
- Du kan miste tilbodet om plass og/eller ventelisteplass dersom du ikkje svarar før fristen.
- Du kan registrere førehandssvar på vigo.no.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: