Korleis førebu tilsetjingsintervju med lærebedrifta?
Som nemnt er det bedriftene sjølve som vel ut den som skal tilbydast læreplass. Du er ikkje garantert læreplass sjølv om du har gode karakterar. Ofte blir aktuelle kandidatar kalla inn til intervju. Du bør førebu deg best mogleg til eit slikt intervju. Nedanfor følgjer nokre råd i ein slik førebuingsprosess.
- Skaff deg informasjon om den aktuelle lærebedrifta på førehand. Det er ikkje meininga at du skal kjenne bedrifta ut og inn, men det kan gjere det lettare for deg å stille spørsmål om bedrifta og arbeidet viss du har ein viss kunnskap på førehand. På denne måten viser du interesse for læreplassen.
- Førebu nokre spørsmål som viser at du er interessert i bedrifta og læreplassen.
- Tenk gjennom kvifor du ønskjer læreplass i akkurat denne bedrifta. Det kan hende du blir spurt om nettopp det – då er det lurt å ha eit svar som blir oppfatta som positivt. Døme: «Eg synest det verkar som eit veldig spennande yrke.», «Eg har alltid hatt lyst til å bli motormekanikar, og dette verkar for meg som ei fin bedrift å arbeide i.»
- Tenk gjennom dine eigne positive og negative sider. Ein blir ofte spurd om dette, og det kan vere lurt å trene på å svare på slike spørsmål på førehand. Det kan lønne seg å plukke ut ein negativ eigenskap som kan vinklast positivt. Er du til dømes utolmodig av natur, kan det koplast saman med at du gjerne vil sjå resultat av det du gjer. Det viktigaste er å ha eit realistisk sjølvbilete.
- La ein du kjenner godt, intervjue deg, slik at du får trening i å svare på spørsmål om deg sjølv. Du kan òg stå framfor spegelen og «intervjue» deg sjølv.
- Tenk gjennom kva du har på deg når du stiller til intervju. Du skal ikkje vere overpynta, men det er ein fordel å sjå velstelt ut.
- Førsteinntrykket er viktig – eit fast handtrykk og augekontakt verkar positivt.
- Vis at du er interessert i bedrifta og læreplassen. Still gjerne spørsmål, men la bedrifta leie samtalen.
- Viktigast av alt: Vis at du har lyst på jobben!
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: