Korleis blir søknaden behandla?
Har du søkt formidling til læreplass, vil du bli vist til lærebedrifter med læreplassar i fag som byggjer på det programområdet i vidaregåande skole som du kjem frå. Fylkeskommunen vil, så langt råd er, prøve å formidle deg til læreplassar i eit fag du har søkt. Du kan likevel bli vist til bedrifter med læreplassar i eit fag du ikkje har søkt, men som du er kvalifisert for, og til lærebedrifter som ligg utanfor heimkommunen din eller heimfylket ditt.
Det er bedriftene sjølve som vel ut kven som skal få tilbod om læreplass, og desse rutinane kan variere frå fylke til fylke. Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju. Det er derfor svært viktig at du har ført opp riktig adresse og mobilnummer, og at du er tilgjengeleg for kontakt i den perioden formidlinga skjer. I dei fleste fylka kan du fram til 1. juli logge inn på vigo.no (logg inn med MinID) og endre adresse og mobilnummer.
Dersom du takkar nei til tilbod frå ei lærebedrift som du er blitt formidla til av fylkeskommunen, har du ikkje krav på tilbod om ny læreplass eller tilbod om opplæring i skole same skoleår.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: