Klagerett



Vedtak om inntak til vidaregåande opplæring er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter føresegnene i forvaltingslova. Det er klagerett på vedtak om ordinært inntak, inntak til eit særskilt utdanningsprogram og vedtak om spesialundervisning.

Du kan klage sjølv eller gi ein annan, til dømes ein av dine føresette eller ein advokat, skriftleg fullmakt til å gjere det for deg. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Klagefristen er tre veker frå du fekk svar på søknaden din.

Den instansen som fattar vedtaket, til dømes inntakskontoret i heimfylket ditt eller rektor ved skolen som du søkjer på, skal gi deg nærmare informasjon om klageretten, kvar du skal sende klagen, kven som skal behandle klagen, osv. Ta gjerne kontakt med inntakskontoret i fylket ditt før du klagar, kanskje misforståingar kan avklarast.

Har du fått eit tilbod om plass, må du svare på dette tilbodet sjølv om du har tenkt å klage. Svarar du ikkje innan svarfristen på om lag ei veke, risikerer du å miste plassen, og det er ikkje sikkert at klagen din blir teken til følgje.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: