Klage på vurdering



Som elev kan du klage på

  • standpunktkarakterar 
  • vedtak om ikkje å setje standpunktkarakterar
  • eksamenskarakterar

Som privatist kan du klage på eksamenskarakterar.

Du kan klage sjølv eller gi ein annan skriftleg fullmakt til å klage på dine vegner. Dersom du er umyndig, har foreldra dine eller dine føresette sjølvstendig klagerett. Ei klage skal vere skriftleg og underskriven. Ei klage bør alltid vere grunngitt, med mindre ho gjeld skriftleg eksamen.

Klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande uendra eller at han blir endra, til gunst eller ugunst for deg. Det vil seie at karakteren kan bli sett opp eller ned. Avgjerda skal vere grunngitt, men ho er endeleg, og du kan ikkje klage på avgjerda.

Dersom ei klage fører til endra karakter, skal det skrivast ut nytt vitnemål eller kompetansebevis. Det gamle skal leverast tilbake.

Du skal få informasjon om klageretten, klagefristar, kva ei klage skal innehalde, kvar ho skal sendast, kven som skal behandle klaga m.m. av skolen din. Alle avgjerdene om klage på vurdering finn du i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova.

Ver merksam på at halvårsvurderingar med karakter verken kan påklagast eller endrast etter at dei er gitt.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: